Motivator 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

COACHING

 

På norsk:

Coaching vil seie det same som å vera pådrivar.

 

Historikk: 

Omgrepet "coaching" oppstod i England ved universitet på midten av 1800. Ordet kjem frå fransk; Coche (vogn), som som viser til at teknikken skal vera eit verktøy som bringer oss vidare mot eit mål.

 

Korleis:

Coaching kan du få på fleire måtar. Du kan velja om du vil ha ein til ein møte (personlegmøte) (1 til 1 møte) og med med oppfylgjingsmøter. Sjå oppsett på dei ulike coaching tilboda.

 

Eller om du vil læra meir om coaching og dermed gå på coaching- kurs. På desse kursa vil du som leiar også læra korleis du skal handtera og takla ulike situasjonar som oppstår i arbeids og privat samanheng. jfr. ulike coachingskurs.

 

Kva er coaching?

Coaching er ein kommunikasjonsform som fremjar handling og læring. Samt å oppdaga ibuande talenter, kvalitetar, ynskjer og behov for å oppnå eit meir kreativt, produktivt og betre liv for seg sjølv, på arbeid, i familien og sosialt.
 
Coaching er eit verktøy og ein metode for å hjelpe og leia personar og organisasjonar til personleg vekst, fagleg utvikling og til å nå sine mål. Dette inneber også prosessar for å frigjera og utvikla enkelt menneske sine potensiale.

   

Coaching er også eit verktøy i coaching programmering, dvs. læra om korleis ein når fram til dei beste ressursane i deg sjølv og hjå andre.

  

Den personen som skal coachast skal inspirerast,utfordrast og gjerast meir medviten på tankemønster, haldningar, kjensler og adferd. Coaching er også litt som å vera med på ei reisa inn over i seg sjølv. Der ein skal få betre fram alt det gode ein går og ber inne i seg, og setja ein del av dette om til handling.

  

Vidare er coaching eit inspirerande og profesjonelt møte mellom to menneske, coach og coachee, (eller eit møte mellom coach og ei gruppa), som har til føremål å utvikla den som coachast til å oppdaga ibuande talenter, kvalitetar, ynskjer og behov for å oppnå eit meir kreativt, produktivt og betre liv for seg sjølv, på arbeid, i familien og sosialt.

Kven kan coachast?

 

Individuell coaching: Leiarar og medarbeidarar i organisasjonar.

Gruppercoaching: Leiargrupper, leiing, individuelt avlønna personell, organisasjonar, samt små eller større grupper.


Privatpersonar: Som ynskjer utvikling og få eit betre liv for seg sjølv, på arbeid, i familien og sosialt.
 
Kvifor coaching?
Formålet er fagleg og personleg vekst, samt å skapa resultat gjennom handling og læring. Auka trivsel hjå medarbeidarane, gir auka og betre samhandling og verdiskaping for den enkelte og organisasjonen.

  

Coaching medverkar også til større økonomisk vekst og større meirverdi for organisasjonen og for den enkelte.

  

Coaching set fokus på sentrale felt som ein ikkje har fått masksimalt utbytte av eller har henta fram og utnytta godt nok i arbeidslivet eller personleg.

Kva går coaching – metoden ut på?


Coaching metoden går ut på ein prosess som innebærer å stille sentrale spørsmål som fører til at individet får større sjølvkjensla, får meir energi, betre målsetjing, og vert medviten på ibuande potensiale.

  

Likeså å få betre fram kva ein skal setja mest fokus på, viktige satningsområde, og kor ein skal ta meir ansvar. Samt luka vekk det som er uvesentleg frå det vesentlege og setja trøkket inn på det primære. 

  

Coachen skal stilla spørsmål og syta for at ein har god struktur i samtalen, støtta, utfordra og gje tilbakemelding til den som vert coacha.

 

Coaching er til dømes tilpassa læring for:

Klientbasert:  Å påverka ein eller fleire personar.

Brukarbasert: Å løysa eit eller fleire problem.

Kunnskapsbasert:  Å gje løysingar.

Strukturbasert:Å justera ein organisasjon.

 

Ulike typar coaching:

Generell coaching>> Les meir >>

Leiar coaching>>Les meir >>

Personleg coaching>> Les meir>>

Bedriftscoaching  >> Les meir >>

Næringslivscoaching  >> Les meir >>

Ytingscoaching >> Les meir >>

Karrierecoaching>> Les meir >>

Livscoaching>> Les meir >>

Konfliktscoaching>> Les meir >>

Kreativ coaching>> Les meir >>

HMS coaching>> Les meir >>

Regelverkscoaching>> Les meir >>

Prosesscoaching>> Les meir >>

Spesialisert coaching>> Les meir >>

Lag/Teamleiarcoaching>> Les meir >>

Livssituasjonscoaching>> Les meir >>

 

 

Dømer:

Ferdigheitscoaching: Endra veremåte.

Fagleg coaching: Tileigning av kunnskap.

Resultat coaching: Realisering av konkrete mål.

Personleg coaching: Utvikling av meistringsevna.

Utviklingscoaching: Utvikling av langsiktige læreprosessar. 

 

 

Sjå elles utale om dei ulike coaching typane under: Kurs og konferansar. Samt under >>Les meir<<

 

Kontaktperson i Motivator:

Wenche I. Sola, sertifisert inspirenrande coach.                         E-post: wenche.i.sola@motivatorA.no

Mobil: + 47  414 70 153

motivatorA.no © 2009 • Privacy Policy • Terms of Use Design By kjetil.tenges@gmail.com