Motivator 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Regelverkskurs §

 

 

Kvifor er det viktig å ha opplæring i Petroleumsregelverket, HMS; Helse, miljø og sikkerheitsregelverket?

 

Er du med i leiinga, har ein leiarstilling, mellomleiar, linjeleiar, anna leiarrolle, eller du har ein sjølvstendig individuell jobb i verksemda/selskapet/firmaet/ organisasjonen din? Dette inneber at ein etter petroleumsregelverket har ei plikt til å kunna ein god del om regelverket, samt å bruka dette i praksis. Mange har ein svært hektisk kvardag som gjer at ein stadig utset å få den nødvendige opplæringa og regelverkstreninga. Medan andre har gått på kurs tidlegare, men saknar praktisk trening i korleis ein finn fram i regelverket. Dette er også noko som vil verta vektlagt i dette kurset.

 

 

For å kunna ta dei rette avgjerdene i høve til HMS, må ein også ha kunnskap om kva krav som gjeld. Utan god nok kunnskap her, kan ein lett koma til kort. Ein vil mellom anna trenga kunnskap om kva som skal til for å få eit forsvarleg HMS nivå. Likeså korleis det skal arbeidast systematisk med helse, miljø og sikkerheit i verksemda/ organisasjonen/ selskapet.

 

Rett og god nok kunnskap om petroleumsregelverket påverkar også nivået for HMS i verksemda/organisasjonen. I tillegg til at dette også kan ha store økonomiske konsekvensar for næringa. Manglande kunnskap kan resultera i feil tolkingar av regelverkskrav og brot på forskriftene i petroleumsregel -verket.

 

 

 

Døme på ulike krav frå styresmakter:

·         Krav om at ein skal kunna ta dei rette avgjeringane i høve til HMS.

·         Krav om at næringa må ha kunnskap om kva krav som gjeld.

·         Krav om viten om kva som er eit forsvarleg HMS-nivå.

·         Krav om korleis det skal arbeidast systematisk med HMS i 

          verksemda/selskapet/ organisasjonen ein arbeidar i.

·         Krav etter Arbeidsmiljølova, AML § 3.5 til arbeidsgjevar/øverste  

          leiing er plikta til å gå gjennom opplæring i HMS arbeid og at

          opplæringa skal gje arbeidsgjevar kunnskap i grunnleggjande

          prinsipp i systematisk HMS-arbeid.

 

 

Fordelar ein oppnår her, forutan å ha god og nødvendig og rett kunnskap:

·         Ein kan skapa betre felles referanserama rundt diskusjonar om 

          ulike  løysningar.

 

·         Unngår unødige kostnadar, samt at ein unngår å utarbeida  

          ubrukelege og elles lite tenelege løysingar.

 

·         Ein lettar styresmaktene si sakshandsaming 

 

 

Manglande kunnskap kan resultera i feiltolkingar av regelverkskrav og elles brot på forskriftene i petroleumsregelverket.  Dette kan få store økonomiske konsekvensar for verksemda/organisasjonen/selskapet/ firma du arbeidar og medføra at omdøme og økonomien vert svekka.

 

 

Målgrupper: Leiing,leiarar, individuelt lønna personell, organisasjonar, samt andre tilsette i operatør og entreprenørselskap i petroleumsverksemda, olje og gass. Land og sokkel.

 

Kursleiar: Wenche I. Sola, rådgjevar, mentor og sertifisert coach m.a.

 

Kursleiarrøynsla: Kursleiar har god og lang utdanning og praksis med regelverksarbeid på mange ulike områder. Til dømes har eg vore med å laga HMS petroleumsregelverket gjennom trepartsamarbeidet (Styresmakter- arbeidsgjevar og arbeidstakarsida): Styresmaktene OD, Ptil, AID, HSD  m.a. Arbeidsgjevarsida: OLF, NI, RF (Redriforbundet) og Arbeidstakarsida: SAFE, NITO, DSO, LO, Fellesforbundet, Lederne og IE.

Har vore med i Regelverksforum frå 1997/98 - 2008 og Sikkerheitsforum i OD/ Ptil frå 2000/2002 -2008. Delteke aktivt i regelverkshøyringar munnleg og skriftleg med innspel til høyringane. Vore med å laga SUT handbok og SUT retningslinjer. Delteke og skrive lovhøyringsinnspel til ny Arbeidsmiljølov (på vegne av eit fagforbund). I tillegg har eg også vore med i mange år i styringsgruppa til RVK- BI og elles vore med å laga til regelverkskurs der m.a. Har også halde regelverkskurs- konferansar for leiarar og teknikarar i operatør og entreprenørselskap i petrolemsverksemda, olje og gass.

 

Prisar og vilkår:

 

Regelverkskurs:

(Kan arrangerast over heile landet og i utlandet)

 

Kampanje prisar for regelverkskurs:

3-5 deltakarar    (kr. 4.950.- pr. person i same firma)

6-10 deltakarar  (kr. 4.750,- pr. person i same firma)

11-15 deltakarar (kr.4.650,- pr. person i same firma)

(vanleg pris kr. 5.500,- pr. person)

 

 

Vanlege opne kurs:Kampanjepris: 

4.950,- (vanleg pris kr. 5.500,- pr. person),  jfr. kursoppsett.

 

 

Alle prisar er utan meirverdiavgift.

(Tala i parentes er prisar utan prisavslag/spesialtilbod/ kampanjetilbod).   

       

Køyring/reiser/fly, reisetid og overnatting kjem i tillegg.        

 

 

Påmelding:

 

Sjå eige påmeldingsskjema på

 

Kontakt person i Motivator:

Wenche I. Sola, rådgjevar, mentor og sertifisert inspirerande coach

E-post:wenche.i.sola@motivatorA.no

Mobil: + 47   414 70 153

 

 

motivatorA.no © 2009 • Privacy Policy • Terms of Use