Velkomen til Motivator.  

Om oss

Eg ser på meg sjølv som ein modig, open, tett på, omtenksam, positiv omgjengeleg, utadvent og progressiv person som likar å samhandla og samarbeida med andre. Likeså å finna gode og optimale løysingar, samt å forbetra og endra det som ein har frå før, slik at dette også vert optimalt for alle partar.

Ver realist, gjer det umoglege

Eg har hatt den store æra og gleda over å ha gjort mange umoglege ting. Dette viser at dette mottoet er eit bra motto å ha som vegvisar i livet.

Alle menneske treng noko å strekkja seg etter. Det som i utgangspunktet kan sjåast ut som umogleg, kan faktisk verta mogleg. Du må berre ha ei fast tru på dette og ikkje gje opp. Det er berre oss sjølv som set sperrer for kva som er mogleg eller ei. Ta tjangs du også og ver med i eit positiv, nyttig og gjevande kunnskapsløftutviking.

Det er fyrst då det umoglege kan skje."

 

 Me er her på jorda i ei avgrensa tid.

 

 Når me er unge, veit me ikkje kva me vil gjera.

 

 Når me er gamle, er det ikkje særleg mykje me kan gjera.

 

 I mellomrommet mellom ung og gamal, der me veit kva me

 vil og har evna, må me verkeleg gjera det.

                                                                       Sagt av Arne Næss jr.

 

"Ver realist, gjer det umoglege.

Meir om bakgrunnen til Wenche I. Sola finn du HER.

motivatorA.no © 2009 • Privacy Policy • Terms of Use